LibreOffice 25.2 Hjelp
Fil-menyen i eit databasevindauge. Berre oppføringar som er spesifikke for databasar vert viste.
Lagrar den gjeldande databasefila, spørjinga, skjemaet eller rapporten. For databasefila kjem dialogvindauget fil lagra opp. For dei andre dialogvindauget Lagra.
Lagrar den gjeldande databasefila med eit anna namn. Vel sti og filnamn i dialogvindauget fil lagra
Eksporterer den merkte rapporten eller det merkte skjemaet til eit tekstdokument. Ein dynamisk rapport vert eksportert som ein kopi av databasen på eksporttidspunktet.
Opnar ein undermeny.
Opnar standardprogrammet for e-post for å senda ein ny e-post. Databasefila vert teke med som eit vedlegg. Du kan skriva inn emne, mottakarane og ein e-posttekst.
Opnar standardprogrammet for e-post for å senda ein ny e-post. Den valde rapporten vert tatt med som eit vedlegg. Du kan skriva inn emne, mottakarar og ein e-posttekst. Ein dynamisk rapport vert lagt ved som ein kopi av databaseinnhaldet ved eksporttidspunktet.
Eksporterer den valde rapporten til eit tekstdokument. Ein dynamisk rapport vert eksportert som ein kopi av databaseinnhaldet ved eksporttidspunktet.