LibreOffice 7.5 Hjelp
Rediger-menyen i eit databasevindauge.
Kopier det valde objektet til utklippstavla.
Limer inn eit element frå utklippstavla. Du kan lima inn skjema og rapportar, inkludert undermapper, frå ein database til ein annan.
Limar inn eit element frå utklippstavla. Du kan lima inn skjema og rapportar, inkludert undermapper, frå ein database til ein annan.
Vel alle oppføringane, inkludert undermapper, i den nedre delen av databasevindauget.
Opnar eit vindauge der du kan redigera den valde tabellen, spørjinga, skjemaet eller rapporten.
Slettar den merkte tabellen, spørjinga, rapporten eller det merkte skjemaet.
Gjev nytt namn til det valde objektet. Avhengig av databasen kan nokre namn, teikn og namnelengder vera ugyldige.
Opnar det valde objektet slik det sist vart lagra.
Gjer om den valde spørjinga til ei vising. Den opphavlege spørjinga vert verande i databasefila og det nye utsnittet vert lagra på databasetenaren. Du må ha skriverettar i databasen for å leggja til ei vising.
Dei fleste databasar brukar spørjingar for å filtrera eller sortera databasetabellar for å visa oppføringar på datamaskinen. Visingar har den same funksjonaliteten som spørjingar, men på tenarsida. Viss databasen din er på ein tenar som støttar visingar, kan du bruka visingar til å filtrera oppføringar på tenaren for å gjera visingstida kortare.
Opnar skjemavegvisaren for den valde tabellen, spørjinga eller utsnittet.
Opnar rapportvegvisaren for den valde tabellen, spørjinga eller utsnittet.
Opnar ein undermeny.
Opnar dialogvindauget for databaseeigenskapar.
Opnar vegvisaren for tilkoplingstype.
Opnar dialogvindauget for avanserte eigenskapar.