LibreOffice 7.5 Hjelp
I LibreOffice Base har du tilgang til data lagra i mange ulike filformat brukte i databasar. LibreOffice Base har støtte for nokre flate fildatabaseformat, for eksempel dBASE-formatet. Du kan også bruka LibreOffice Base for å kopla til eksterne relasjonsdatabasar, for eksempel databasar frå MySQL eller Oracle.
Desse database-typane kan berre lesast frå i LibreOffice Base. Det er ikkje råd å endra databasestrukturen eller redigera, setja inn eller sletta databasepostar i LibreOffice Base for desse databasetypane:
Reknearkfiler
Tekstfiler
Adressebokdata
Vel Fil → Ny(tt) → Database for å laga ei ny databasefil.
Bruk databasevegvisaren for å laga ei databasefil og for å registrera ein ny database i LibreOffice.
Databasefila inneheld spørjingar, rapportar og skjema for databasen. I tillegg også lenkjer til databasen der postane er lagra. Også informasjon om formatering vert lagra i databasefila.
Du opnar ei databasefil frå Fil → Opna. I listeboksen for Filtype vel du å visa berre «Databasedokument». Merk eit database-dokument og trykk Opna.