LibreOffice 25.2 Hjelp
Spesifiserer innstillingane for import av ein database i tekstformat.
I ein database i tekstformat vert data lagra i ei uformatert ASCII-fil, der kvar datapost er éi rad. Datafelta er skilde med separatorar. Tekst i datafelta er skild med hermeteikn.
Skriv inn stien til tekstfilene. Viss du vil bruka berre ei enkelt tekstfil, kan fila ha kva filetternamn som helst. Viss du vil ha med alle filene i ei mappe, må alle filene ha filetternamnet «*.csv» for å verta gjenkjende som filer i ein tekstdatabase.
Trykk for å opna eit dialogvindauge der du kan velja ei fil.
Trykk for å få tilgang til txt-filer.
Trykk for å få tilgang til csv-filer.
Trykk for å få tilgang til sjølvdefinerte filer. Skriv inn filetternamnet i tekstboksen.
Skriv inn eller vel teiknet som skil datafelt i tekstfila.
Skriv inn eller vel teiknet som identifiserer eit tekstfelt i tekstfila. Du kan ikkje bruka det same teiknet som er brukt som feltskiljeteikn.
Skriv inn eller vel teiknet som skal brukast som desimalteikn i tekstfila. Eksempel: komma (0,5) eller punktum (0.5).
Skriv inn eller vel teiknet som er brukt som tusenskiljeteikn i tekstfila. Eksempel: punktum (1.000) eller mellomrom (1 000).