PostgreSQL-tilkopling

Spesifiserer alternativa for å kopla til PostgreSQL-databasar.

Direkte tilkoplinga til PostgreSQL-databasar

Dataa for direkte tilkopling til ein PostgreSQL-database kan gjevast på to ulike måtar:

Fylla inn dataa

Tilkoplingsdata kan gjevast ved å fylla ut dei tre øvste tekstboksane. Spør databaseadministratoren om dei korrekte dataa.

DBMS/drivarspesifikk tilkoplingsstreng

I staden for å skriva inn dataa i tekstboksane som forklart ovanfor, eller viss du treng å spesifisera fleire parametrar for tilkoplinga, kan du skriva inn den drivar-spesifikke tilkoplingsstrengen. Koplingsstrengen er ein sekvens av nøkkelord/verdipar skilde med mellomrom. For eksempel

dbnamn=MyDatabase host=myHost port=5432

der

Du kan også skriva inn tilkoplingsstrengen som

postgresql://minVert:port/MinDatabase.

note

Sjå administratoren for databasetenaren for dei rette verdiane for nøkkelorda som vert sende i tilkoplingsstrengen. Verdiar for user= og password= vert ignorerte nå, men vert spurde om når du koplar til.


tip

Tilkoplingsstrengen vert vist på statuslinja for LibreOffice Base.


Liste over alle nøkkelorda/verdi-par i tilkoplingsstrengen i PostgreSQL 13. Ikkje alle para vert handsama av drivarhandsamaren i LibreOffice.

Støtt oss!