LibreOffice 24.8 Hjelp
Spesifiserer innstillingane for ei ODBC-datakjeldetilkopling
Prøv å bruka JDBC-drivar på Solaris- og Linux-platformer i staden for ein ODBC-drivar. Sjå nettsida unix ODBC Project om korleis ODBC kan setjast opp på Solaris og Linux.
Når du koplar til ein Microsoft Access-database i Windows, bør du bruka ADO- eller Acess-databasegrensesnittet i staden for ODBC.
Drivarar til ODBC vert leverte og halde ved like av databaseleverandøren. LibreOffice støttar berre ODBC 3-standarden.
Skriv inn namnet på datakjeda som er registrert i LibreOffice.
Trykk for å opna eit dialogvindauge der du kan velja ei ODBC-datakjelde.
Vel datakjelda som du vil kopla til ved hjelp av ODBC. Trykk deretter .
For å kunna redigera eller leggja til postar til ein databasetabell i LibreOffice, må tabellen ha eit eintydig indeksfelt.