Firebird-tilkopling

Spesifiserer vala for å kopla til eksterne Firebird-databasar.

Oppretta ei ny Firebird-databasefil

  1. Vel Fil → Ny(tt) → Database og merk av for Kopla til ein database. Trykk på Neste.

  2. Trykk på Lag. Dialogvindauget Lagra som vert opna. Skriv inn eit høveleg namn og plassering for databasefila og trykk på Lagra. Stien til den nye fila vert vist i tekstboksen i vegvisaren. Trykk på Neste.

  3. Eventuelt, skriv inn brukarnamn og passord. Klikk på Neste.

  4. Bestem kva alternativ du ønskjer for registrert database og kva du vil gjera med databasen når han er lagra og klikk Fullfør. Hald fram med å skriva inn eit namn på den nye LibreOffice-Base-fila.

note

Det andre steget er å skriva inn namnet på den nye Firebird databasefila (*.fdb), medan det siste steget er å lagra LibreOffice-Basefila (*.odb).


Kopla til ei eksisterande Firebird-databasefil

  1. Vel Fil → Ny(tt) → Database og merk av for Kopla til ein database. Trykk på Neste.

  2. Trykk på Bla gjennom og merk Firebird-fila (*.fdb). Trykk på knappen Opna. Den fulle adressa til databasefila vert cist i tekstboksen. Trykk på Neste.

  3. Eventuelt, skriv inn brukarnamn og passord. Klikk på Neste.

  4. Bestem kva alternativ du ønskjer for registrert database og kva du vil gjera med databasen når han er lagra og klikk Fullfør. Hald fram med å skriva inn eit namn på den nye LibreOffice-Base-fila.

Kopla direkte til ein Firebird-tenar

I tillegg til tilkoplingar via JDBC og ODBC, kan du kopla til ein Firebird-tenar via den interne Firebird-driveren:

  1. Vel Fil → Ny(tt) → Database og merk av for Kopla til ein database. Trykk på Neste.

  2. Skriv inn adressa til databasetilkoplinga manuelt i tekstboksen. Mønsteret er <tenarnamn>/<port>:<stien_til_databasen>, for eksempel:

    server1/3050:C:/data/mydatabase.fdb (legg merke til "/" sjølv om det er ein Windows-sti)

    server1:C:/data/mydatabase.fdb (standardport, Windows-sti)

    localhost:/data/mydatabase.fdb (localhost-tenar, standardport, Linux-sti)

    tenar1:mine_data (standardport, registrert database)

  3. Trykk Neste.

  4. Oppgjev eit passande brukarnamn og passord som krevst for tenartilkoplinga. Test tilkoplinga (tilrådd) og fiks eventuelle problem. Klikk Neste.

  5. Bestem om du vil registrera databasen og kva du vil gjera når han er lagra og trykk Ferdig. Skriv inn eit namn på LibreOffice-Base-fila.

note

Du kan leggja til andre alternativ til adressa for databasen, for eksempel teiknsett eller rolle. Sjå dokumentasjonen for Firebird for meir om desse alternativa.


Støtt oss!