LibreOffice 25.2 Hjelp
Lagar ein ny database, opnar ei databasefil eller lagar kopling til ein database som finst frå før.
Trykk her for å laga ein ny database. Dette valet brukar HSQL-databasemotoren med standardinnstillingane. Neste vindauge er det siste i vegvisaren.
Trykk her for å opna ei databasefil frå ei liste over tidlegare brukte filer eller frå eit dialogvindauge for å velja filer.
Vel ei databasefil som skal opnast frå lista over nylig brukte filer. Trykk «Fullfør» for å opna fila og avslutta vegvisaren.
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja ei databasefil. Trykk «Opna» eller «OK» for å opna den valde fila og avslutta vegvisaren.
Trykk her for å oppretta eit databasedokument for ei databasetilkopling som finst.
Vel databasetypen for den gjeldande databasetilkoplinga.
Databasetypane Outlook, Evolution, KDE adressebok og Seamonkey treng ikkje meir informasjon. For andre databasetypar inneheld vegvisaren fleire sider for å spesifisere den nødvendige informasjonen.
Den neste vegvisarsida er ei av desse sidene: