LibreOffice 24.8 Hjelp
Spesifiser nokre innstillingar for ein database.
I eit databasevindauge, vel Rediger → Database → Eigenskapar og klikk på fanaAvanserte eigenskapar
Tilgjenget til desse kontrollane er avhengig av databasetypen:
Skriv inn stien til mappa som inneheld dBASE-filene.
Pass på at filetternamnet *.dbf for dBASE er skrive med små bokstavar.
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja ei fil eller ei mappe.
Testar tilkoplinga til databasen med dei gjeldande innstillingane.
Skriv inn stien til mappa der tekstfilene er.
Skriv inn stien til reknearkdokumentet som du vil bruka som database.
Skriv inn namnet på ODBC-datakjelda.
Skriv inn brukarnamnet du må ha for å få tilgang til databasen.
Viss denne er kryssa av, vert brukaren spurd om å oppgi passordet som krevst for å få tilgang til databasen.
Skriv inn namnet på databasen.
Skriv inn namnet på MySQL-databasen som skal brukast som datakjelde.
Skriv inn namnet på Oracle-databasen som skal brukast som datakjelde.
Skriv inn namnet på Microsoft Access-databasefila som skal brukast som datakjelde.
Skriv inn vertsnamnet for LDAP-datakjelda.
Skriv inn plasseringa til JDBC-datakjelda som ei nettadresse.
Skriv inn namnet på JDBC-drivarklassen som skal brukast til å kopla til datakjelda.
Testar databasetilkoplinga gjennom JDBC-drivarklassen.
Vel ein database frå lista, eller trykk Lag ein ny database for å laga ein ny database.