LibreOffice 25.2 Hjelp
>Spesifiser fleire innstillingar for ei datakjelde.
Vel Rediger → Database → Eigenskapar i eit databasevindauge og klikk på fana Fleire innstillingar
Tilgjenget til desse kontrollelementa er avhengig av databasetypen:
Skriv inn vertsnamnet til tenaren der databasen ligg. For eksempel «ldap.tenar.no.»
Skriv inn portnummeret til tenaren der databasen ligg.
Skriv inn namnet på JDBC-drivaren for MySQL-databasen.
Vel teiknsettet du vil bruka ved vising av databasen i LibreOffice. Denne innstillinga påverkar ikkje databasen. Vel «System» for å bruka standardteiknsettet til operativsystemet.
Tekst- og dBASE-databasar er avgrensa til teiknsett med fast teiknlengd der alle teikna er koda med like mange byte.
Skriv inn namnet på JDBC-drivaren for Oracle-databasen.
Spesifiser tilleggsinnstillingar for drivaren.
Bruk den gjeldande datakjelda for katalogen. Dette valet er nyttig når ODBC-datakjelda er ein databasetenar. Ikkje vel dette alternativet dersom ODBC-datakjelda er ein dBase-drivar.
Skriv inn startpunktet for søk i LDAP-databasen (for eksempel «dc=com»)
Skriv inn det høgaste talet på postar du vil lasta inn når du koplar til LDAP-tenaren.
Viser alle postane i ei fil, også dei som er merkte som sletta. Du kan ikkje sletta postar viss du kryssar av her.
I dBASE-formatet vert sletta postar framleis verande i fila.
For å sjå endringane du gjer i databasen, kan du lukke koplinga til databasen og deretter kople til databasen igjen.
Opnar dialogvindauget der du kan organisera tabellindeksane i den gjeldande dBase-databasen.
Kryss av her viss den første linja i tekstfila inneheld feltnamn.
Skriv inn eller vel teiknet som skil datafelta i tekstfila.
Skriv inn eller vel teiknet som identifiserer eit tekstfelt i tekstfila. Du kan ikkje bruka teiknet som er brukt som feltskiljeteikn.
Skriv inn eller vel teiknet som er brukt som desimalteikn i tekstfila, for eksempel komma (0,5) eller punktum (0.5).
Skriv inn eller vel teiknet som er brukt som tusenskilje i tekstfila, for eksempel punktum (1.000) eller mellomrom (1 000).
Vel formatet for tekstfila. Filetternamnet du vel vil påverka nokre av innstillingane i dette dialogvindauget.