Genererte verdiar

Spesifiserer innstillingane for automatisk genererte verdiar for nye datapostar.

Tilgjenget til desse kontrollane er avhengig av databasetypen:

Hent ut dei genererte verdiane

Slår på støtte for LibreOffice auto-auking i datafelt i gjeldande ODBC- eller JDBC-datakjelde. Vel dette alternativet viss auto-aukingeigenskapen i SDBCX-laget til databasen ikkje er støtta. Generelt får alle primærnøkkelfelt auto-aukingeigenskapen.

Auto-auking-uttrykk

Skriv inn SQL-kommandoen som fortel datakjelda at ho automatisk skal auka eit gjeve heiltals datafelt. For eksempel vil denne MySQL-setninga bruka «AUTO_INCREMENT»-uttrykket for å auka «id»-feltet kvar gong uttrykket lagar eit datafelt:

CREATE TABLE "tabell1" ("id" INTEGER AUTO_INCREMENT)

For dette eksempelet må du skriva inn AUTO_INCREMENT i boksen Auto-aukingssetning.

Spørjing på genererte verdiar

Skriv inn eit SQL-uttrykk som sender tilbake den sist auto-aukte verdien for primærnøkkelfeltet. For eksempel:

SELECT LAST_INSERT_D();

Støtt oss!