Spesielle innstillingar

Spesifiserer måten du kan arbeida med data i ein database.

For å bruka denne funksjonen …

I eit databasevindauge, vel Rediger → Database → Avanserte innstillingar


Tilgjenget til desse kontrollelementa er avhengig av databasetypen:

Bruk SQL92-namnereglane

Tillat berre teikn som følgjer SQL92-namngjevingsreglane i namn i ei datakjelde. Alle andre teikn vert ignorerte. Kvart namn må byrja med ein bokstav eller understrek («_»). Resten av teikna kan vera ASCII-bokstavar, tal og understrekar.

Legg til tabellaliasnamnet i SELECT-setningar

Legg aliaset til i tabellnamnet i SELECT-setningar.

Bruk nøkkelordet AS før tabellalias

Nokre databasar brukar nøkkelordet «AS» framføre eit namn og aliaset til det, medan andre databasar brukar blankteikn. Slå på dette valet for å setja inn AS framføre aliaset.

Bruk ytre samanslåingssyntaks «{OJ}»

Bruk escapesekvensar for ytre samanslåingar. Syntaksen for denne escapesekvensen er «{oj outer-join}»

Eksempel:

select Del.* from {oj-element LEFT OUTER JOIN ordrar ON del.no=ordrar.DNR}

Ignorer privilegium frå databasedrivaren

Ignorerer tilgangsrettane som er gjevne av databasedrivaren.

Byt ut namngjevne parameterar med «?»

Erstatt namngjevne parameterar i datakjelda med et spørsmålsteikn (?).

Vis versjonskolonnar (når dei er tilgjengelege)

Nokre databasar brukar versjonsnummer på felt for å spora endringar i postar. Versjonsnumra til felta aukar med 1 kvar gong innhaldet i feltet vert endra. Viser det interne versjonsnummeret til posten i databasetabellen.

Bruk katalognamn i SELECT-setningar

Bruk den gjeldande datakjelda av katalogen. Dette valet er nyttig når ODBC-datakjelda er ein databasetenar. Ikkje vel dette alternativet dersom ODBC-datakjelda er ein dBase-drivar.

Bruk skjemanamnet i SELECT-setningar

Let deg bruka skjemanamnet i SELECT-setningar.

Lag indeks med ASC- eller DESC-setning

Lagar indeks med ASC- eller DESC-uttrykk.

Avslutt tekstlinjer med CR + LF

Vel å bruka CR + LF-kodeparet for å avslutta kvar tekstlinje (vert tilrådd brukt for DOS og Windows-operativsystem).

Sjå vekk frå valutafeltinformasjon

Berre for Oracle sine JDBC-koplingar. Når denne er slått på, vert ingen kolonnar handsama som valutafelt. Felttypen som vert sendt tilbake frå databasedrivaren vert avvist.

Kontroll av data i påkravde skjemafelt

Når du skriv inn ein ny post eller oppdaterer ein eksisterande post i eit skjema og du etterlet eit felt bunde til ein databasekolonne som krev inndata, vil du sjå ei melding om det tomme feltet.

Viss denne kontrollboksen ikkje er slått på, vert det ikkje kontrollert om dei nødvendige felta finst i skjemaa i den gjeldande databasen.

Kontrollboksen er tilgjengeleg for alle datakjeldene som har skrivetilgang til data. Kontrollboksen finst ikkje for rekneark, tekst, csv og dei ulike skriveverna adressebøkene.

Bruk ODBC-gyldige dato-/klokkeslett-uttrykk

Bruk dato / klokkeslett som er i samsvar med ODBC-standarden.

Støtter primærnøklar

Slå på denne viss Base skal overprøve om databasen har støtte for primærnøklar.

Når du koplar til ein database ved hjelp av ein generisk API som ODBC, JDBC eller ADO, vil Base bruka ulike prøvemetodar for å finna ut om databasen har støtte for primærnøklar. Ingen av desse API-ane har metodar for å finna ut dette.

Det hender at prøvemetodane (hevristikken) feilar. I denne avkryssingsboksen med tre status er som standard sett til ukjend, som i praksis betyr «bruk hevristikk». Viss det er kryssa av i denne boksen, vert primærnøkkelen støtta. Er avkryssingsboksen ikkje avmerkt, finst det ikkje støtte for primærnøkkelen.

Merk at dette valet er berre for å overstyra hevristikken. Viss du slår på avkryssingsboksen for ein database som ikkje har støtte for primærnøklar, vil dette føra til feil.

Respekter resultattypesettet frå databasedrivaren

Bruk dei ulike rullefunksjonane i databasedrivaren i eit resultatsett. Sjå ResultSetType Constant Group.

Samanlikning av logiske verdiar

Vel kva type logisk samanlikning du vil bruka.

Rader for å skanna kolonnetypar

Vel talet på rader som trengst for å la drivaren bestemme datatypen.

Støtt oss!