LibreOffice 24.8 Hjelp
Opnar eit dialogvindauge der du kan skriva inn ein SQL-kommando for å administrera av ein database.
Du kan berre skriva inn administreringskommandoar i dette dialogvindauget, slik som «Grant», «Create Table» eller «Drop Table»l og ikkje filterkommandoar. Kva kommandoane som kan skrivast er avhengig av datakjelda. Såleis kan dBASE berre køyra nokre av SQL-kommandoane viste her.
For å køyra ei SQL-spørjing for filtrering av data i databasen, bruk Spør oppsettvising.
Skriv inn SQL-kommandoen du vil køyra.
For eksempel kan du for ei «Litteraturliste»-datakjelde, skriva inn denne SQL-kommandoen:
SELECT "Adresse" FROM "biblio" "biblio"
Du kan finne meir informasjon om SQL-kommandoar i dokumentasjonen som fylgde med databasen.
Vis resultatet av SQL SELECT-kommandoen i resultatboksen.
Køyrer kommandoen som du skreiv inn i boksen Køyr kommando.
Lister opp dei SQL-kommandoane som er køyrde tidlegare. Vel ein kommando og trykk Køyr for å køyra ein kommando på nytt.
Viser status, med eventuelle feilmeldingar, til SQL-kommandoen du køyrde.
Viser resultata av SQL-kommandoen du køyrde.