I eit vindauge for databasefil av typen dBASE vel du Rediger → Database → Eigenskapar.
For å kunna setja opp relasjonar mellom tabellar, bruk JDBC eller ODBC innanfrå LibreOffice.
Vis avslåtte datapostar
Viser alle postane i fila, også dei som er merkte som sletta. Du kan ikkje sletta postar viss du kryssar av i denne boksen.
I dBASE-formatet vert sletta oppføringar framleis verande i fila.
For å sjå endringar som du gjer i databasen, lukk koplinga til databasen og så kopla til databasen igjen.
Teiknsett
Vel kodekonverteringa som du vil bruka for å vise databasen i LibreOffice. Dette gjer ingenting med sjølve databasen. Vel «System» for å bruka standardteiknsettet til operativsystemet. Tekst- og dBase-databasar er avgrensa til teiknsett med fast storleik på teiknlengda, der alle teikna vert koda med like mange byte.
Bruk SQL92-namnereglane
Tillat berre namn i datakjelda som brukar teikn som tek omsyn til namneavgrensingane i SQL92-standarden. Alle andre teikn vert ignorerte. Kvart namn må byrja med ein bokstav eller ein understrek («_»). Resten av teikna kan vera ASCII-teikn, understrekar eller tal.
Indeksar
Opnar dialogvindauget Indeksar der du kan ordna tabellindeksane for den gjeldande dBASE-databasen.