LibreOffice 25.2 Hjelp
Bestemmer innstillingane for ODBC-databasar. Dette gjeld også brukartilgang, drivarinnstillingar og skriftval.
Skriv inn brukarnamnet for å få tilgang til databasen.
Hindrar uvedkomande i å få tilgang til databasen. Du treng berre å skriva inn passordet éin gong per økt.
Bruk dette tekstfeltet for å skriva inn ekstra drivarinnstillingar viss dette er nødvendig.
Vel kodekonverteringa som du vil bruka for å vise databasen i LibreOffice. Dette gjer ingenting med sjølve databasen. Vel «System» for å bruka standardteiknsettet til operativsystemet. Tekst- og dBase-databasar er avgrensa til teiknsett med fast storleik på teiknlengda, der alle teikna vert koda med like mange byte.
Slå på støtte i LibreOffice for automatisk auking av datafelt for den gjeldande ODBC- eller JDBC-datakjelda. Kryss av i denne boksen viss databasen ikkje har støtte for auto-auking i i SDBCX-laget. Til vanleg vert primærnøkkelfelta sett til å ha automatisk auking.
Skriv inn SQL-kommandoen som fortel datakjelda at eit gjeve heiltals-datafelt skal auto-aukast. Ein typisk SQL-setning for å laga eit datafelt er for eksempel:
CREATE TABLE "tabell1" ("id" INTEGER)
For å auto-auka «id»-datafeltet i ein MySQL-database må du endra setninga til:
CREATE TABLE "tabell1" ("id" INTEGER AUTO_INCREMENT)
Med andre ord, skriv inn AUTO_INCREMENT i boksen Auto-auke-uttrykk.
Skriv inn ei SQL-setning som sender tilbake den sist auto-aukte verdien for primærnøkkelfeltet. For eksempel:
SELECT LAST_INSERT_D();
Tillat berre namn i datakjelda som brukar teikn som tek omsyn til namneavgrensingane i SQL92-standarden. Alle andre teikn vert ignorerte. Kvart namn må byrja med ein bokstav eller ein understrek («_»). Resten av teikna kan vera ASCII-teikn, understrekar eller tal.
Bruk den gjeldande datakjelda i «Katalog». Detter er nyttig når ODBC-datakjelda er ein databasetenar. Viss ODBC-datakjelda er ein dBase-drivar, skal du ikkje kryssa av her.