LibreOffice 24.8 Hjelp
I datakjeldeoversikta kan du kopiera ein tabell ved å dra og sleppa tabellen på tabellbehaldaren. Viss du markerer avkrysingsfeltet Legg til data på den første sida av dialogvindauget Kopier tabell, så vert dialogvindauget Tildel kolonnar opna som det andre vindauget. Du kan bruka dette dialogvindauget for å kartleggja innhaldet i eit datafelt i kjeldetabellen til eit anna datafelt i måltabellen.
Lister opp datafelta i kjeldetabellen. For å ta med eit datafelt frå kjeldetabellen til måltabellen, kryss av i boksen framføre datafeltnamnet. For å avbilda innhaldet i eit datafelt frå kjeldetabellen til eit anna felt i måltabellen, trykk på datafeltet i kjeldetabell-lista og deretter på pil opp eller ned. Trykk Alle for å ta med alle datafelta frå kjeldetabellen i måltabellen.
Listar opp dei moglege datafelta i måltabellen. Berre datafelt som er merkte i kjeldetabellen vert tekne med i måltabellen.
Flytter den merkte oppføringa ein plass opp i lista.
Flytter den merkte oppføringa ein plass ned i lista.
Merkjar alle datafelta i lista.
Fjernar alle avkryssingsboksane i lista.