Kopiera tabell

Du kan kopiera ein tabell ved å dra og sleppe tabellen på tabellområdet i eit databasefilvindauge. Dialogvindauget Kopier tabell kjem fram.

Tabellnamn

Gje kopien eit namn. Nokre databasar vil berre godta namn med opp til åtte teikn.

Innstillingar

Definisjon og data

Lagar ein 1:1-kopi av databasetabellen. Tabellområda og alle dataa vert kopierte. Tabellområda inneheld tabellstrukturen og tabellformatet frå ulike datafelt, inklusive eigenskapar for spesialfelt. Feltinnhaldet gjev dataa.

Definisjon

Kopierer berre tabelldefinisjonen og ikkje dei tilhøyrande dataa.

Som tabellvising

Viss databasen støtter vising og du vel dette alternativet, vert det laga ei spørjing i tabellplasshaldaren som ein tabell. Dette alternativet let deg sjå spørjeresultata som ved ei normal tabellvising. Tabellen vert filtrert i visinga med SQL-kommandoen «Select».

Legg til data

Legg til data frå den tabellen som skal kopierast til ein eksisterande tabell.

Tabelldefinisjonen må vera nøyaktig den same for at data skal verta kopierte. Data kan ikkje kopierast viss eit datafelt i måltabellen har eit anna format enn datafeltet i kjeldetabellen.

Samsvarar datafeltnamna i dialogvindauget Kopier tabell på sidaBruk kolonnar.

Viss dataa ikkje kan leggjast til, vil du sjå ei liste i dialogvindauget Kolonneinformasjon med felt med data som ikkje kan kopierast. Viss du stadfestar i dialogvindauget med «OK», vert berre dei dataa som ikkje vert viste i lista lagt ved.

note

Viss felta i måltabellen har ei mindre feltlengd enn i kjeldetabellen når data vert lagt til, vert kjeldedatafelta automatisk korta inn slik at dei svarar til feltlengdene i måltabellen.


Lag primærnøkkel

Genererer automatisk eit primærnøkkeldatafelt og fyller det ut med verdiar. Sidan ein primærnøkkel alltid må vera tilgjengeleg for å kunna redigera tabellen, må du alltid bruka dette feltet.

Namn

Spesifiserer eit namn på primærnøkkelen som vart oppretta. Dette namnet er valfritt.

Neste side

Støtt oss!