LibreOffice 7.6 Hjelp
Let deg definera og redigera ein relasjon mellom to tabellar.
Vala for oppdatering og sletting er berre tilgjengelege viss dei er støtta i den brukte databasen.
Dei to relaterte tabellane vert viste her. Viss du lagar ein ny relasjon, kan du velja ein tabell frå kvar av kombinasjonsboksane øvst i dialogvindauget.
Viss du opna dialogvindauget Relasjonar for ein eksisterande relasjon ved å dobbeltklikka på sambandslinjer i relasjonsvindauget, kan dei tabellane som er involverte i relasjonen ikkje endrast.
Definerer nøkkelfelta for relasjonen.
Namna på tabellane som er valde for lenkjinga vert her viste som kolonnenamn. Viss du trykkjer på eit felt, kan du bruka piltastane for å velja andre felt frå tabellen. Kvar relasjon vert skrive i ei rad.
Her kan du velja innstillingar som skal verka når det er endringar i eit primærnøkkelfelt.
Bestemmer at endringar som vert gjort i ein primærnøkkel ikkje skal påverka andre eksterne nøkkelfelt.
Oppdaterer alle eksterne nøkkelfelt viss verdien i den tilhøyrande primærnøkkelen er endra (kaskadeoppdatering).
Viss den tilhøyrande primærnøkkelen er endra, kan du bruka dette valet til å angje «IS NULL»-verdien i alle eksterne nøkkelfelt. «IS NULL» betyr at feltet er tomt.
Viss den tilhøyrande primærnøkkelen er endra, kan du bruka dette valet for å setja ein standardverdi for alle eksterne nøkkelfelt. Under opprettinga av den tilhøyrande tabellen, vert standardverdien for eit eksternt nøkkelfelt definert når du tildeler felteigenskapane.
Her du kan velja kva innstillingar som skal brukast når eit primærnøkkelfelt vert sletta.
Vel om det å sletta ein primærnøkkel skal endra eksterne nøkkelfelt eller ikkje.
Vel om alle eksterne nøkkelfelt skal slettast viss du slettar den tilhøyrande primærnøkkelen.
Når du slettar eit primærnøkkelfelt med Slett kaskade, vert også alle datapostane frå andre tabellar som har denne nøkkelen som sin framandnøkkel sletta. Ver varsam når du brukar denne innstillinga, då det er fåre for å sletta ein stor del av databasen.
Viss du slettar den tilhøyrande primærnøkkelen, vert «IS NULL»-verdien gjeven til alle eksterne nøkkelfelt.
Viss du slettar den tilhøyrande primærnøkkelen, vert ein sett verdi gjeven til alle eksterne nøkkelfelt.