Relasjonar

Denne kommandoen opnar vindauget Relasjonsoppsett, som let deg bestemma samanhengar imellom ulike databasetabellar.

Her kan du lenkja saman tabellar frå den gjeldande databasen via felles datafelt. Trykk på Ny relasjon for å laga relasjonen, eller dra og slepp ved hjelp av datamusa.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Verktøy → Relasjonar i eit databasefilvindauge.


note

Denne funksjonen er berre tilgjengeleg viss du arbeider med ein relasjonsdatabase.


Når du vel Verktøy → Relasjonar kjem det opp eit vindauge der alle eksisterande relasjonar mellom tabellane i den gjeldande databasen vert viste. Viss ingen relasjonar er gjeve, eller viss du vil relatera andre tabellar i databasen til kvarandre, klikk på ikonet Legg til tabellar. Dette vil opna vindauget Legg til tabellar der du kan velja kva for tabellar som skal brukast for å laga ein relasjon.

Ikon for Legg til tabell

Set inn tabellar

note

Viss vindauget Relasjonsutforming er ope, kan ikkje dei valde tabellane forandrast, sjølv ikkje i tabellutformings-modus. Dette sikrar at tabellar ikkje vert endra medan relasjonane vert oppretta.


Dei valde tabellane vert viste i toppområdet av relasjonsvisinga. Du kan lukka eit tabellvindauge via sprettoppmenyen eller med Delete-tasten.

Flytta tabellar og endra storleik på dei

Du kan endra storleiken på og sortera tabellar for å få dei slik du vil ha dei. For å flytta ein tabell, dreg du den øvste kanten til ønskt plassering. Du forstørrar eller forminskar storleiken tabellen vert vist i ved å plassera musepeikaren på ein kant eller eit hjørne og dra i tabellen til han har ønskt storleik.

Primærnøkkel og framande nøklar

Viss du vil definera ein relasjon mellom dei ulike tabellane, bør du skriva inn ein primærnøkkel som identifiserer eit datafelt i den eksisterande tabellen. Du kan referera til primærnøkkelen frå andre tabellar for å få tilgang til data frå denne tabellen. Alle datafelt som refererer til denne primærnøkkelen vert identifisert som ein framand nøkkel.

Alle datafelta som refererer til ein primærnøkkel, vert identifiserte i tabellvindauget med eit lite nøkkelsymbol.

Definera relasjonar

Alle relasjonar som finst vert viste i relasjonsvindauget med ei linje som bind saman det primære og framande nøkkelfelt. Du kan leggja til ein relasjon ved å bruka dra og slepp for å droppe feltet frå ein tabell på feltet i den andre tabellen. Ein relasjon vert fjerna igjen ved å merkja han og trykkja på Delete-tasten.

Du også klikka på ikonet Ny relasjon i toppområdet av relasjonsfeltet og setja opp relasjonen mellom to tabellar i dialogvindauget Relasjonar.

Ikon for ny relasjon

Ny relasjon

warning

Viss du brukar LibreOffice som grenseflate for ein relasjonsdatabase, vert ikkje opprettinga og slettinga av relasjonar lagra i eit mellomliggjande minne av LibreOffice, men vert sendt vidare direkte til databasen.


Ved å dobbeltklikka på ei samankoplingslinje kan du tildela bestemte eigenskapar til relasjonen. Dialogvindauget Relasjonar vert vist.

Støtt oss!