LibreOffice 24.8 Hjelp
I vindauget Tabelloppsett kan du definera nye tabellar eller redigera strukturen i ein tabell som finst frå før.
Vindauget har si eige menylinje. Denne inneheld også den nye kommandoen Utforming av indeks
I dette området set du opp tabellstrukturen.
Bestemmer namnet på eit datafelt. Databasemotoren kan leggja avgrensingar på lengda av tabellnamnet og bruken av spesialteikn og mellomrom i tabellnamnet.
Bestemmer felttypen. Kva felttypar som er tilgjengelege, er avhengig av kva databasemotor som er brukt.
Set opp ei valfri beskriving for kvart felt.
Radoverskriftene inneheld desse kommandoane på sprettoppmenyen:
Klipper ut den merkt rada til utklippstavla.
Kopierer den merkt rada til utklippstavla.
Limer inn innhaldet frå utklippstavla.
Slettar den merkte rada.
Set inn ei tom rad over den gjeldande rada viss tabellen ikkje er lagra. Set inn ei tom rad på slutten av tabellen viss tabellen alt er lagra.
Viss denne kommandoen har eit avkryssingsmerke, er datafeltet i denne linja ein primærnøkkel. Du slår av/på definisjonen for denne kommandoen ved å trykkja på avkryssingsmerket. Kommandoen er synleg berre viss datakjelda støttar bruk av primærnøklar.
Definerer feltegeinskapane for det merkte feltet.
Bestemmer kor mange teikn som er tillatne for dataoppføring i det tilsvarande datafeltet, inkludert mellomrom og spesialteikn.
Bestemmer talet på desimalar for eit numerisk felt eller eit desimalfelt.
Bestemmer verdien som skal vera standard i nye datapostar.
Viser eit eksempel på formatkoden til feltet ved å bruka han til standardverdien. Vel formatkoden med knappen Format-felt.
Denne knappen opnar dialogvindauget Feltformat.
Viser ein hjelpestreng eller eit tips definert av databaseutviklaren for det gjevne feltet.