Eigenskapar for samanslåing

Viss du dobbeltklikkar på ei kopling mellom to lenkja felt i spørjingsutforminga, eller viss du vel Set inn → Ny relasjon, kjem dialogvindauget Val for samanføying fram. Desse eigenskapane vert brukte i alle spørjingar som vert laga i ettertid.

For å bruka denne funksjonen …

Opna spørjingsutforminga og vel Set inn → Ny relasjon eller dobbeltklikk på ei sambandslinje mellom to tabellar.


Involverte tabellar

Vel to ulike tabellar som skal slåast saman.

Involverte felt

Spesifiserer to datafelt som skal slåast saman med ein relasjon.

Innstillingar

Type

Bestemmer kva type den merkte samankoplinga skal vera. Nokre databasar godtar berre ei delmengd av dei moglege typane.

Indre samanføying

Med ei indre samanføying vil resultattabellen berre innehalda postar der innhaldet i dei lenkja felta er like. I LibreOffice SQL vert denne typen lenkjer laga med den tilsvarande kommandoen «WHERE».

Venstresamanføying

I ei venstre-samanføying vil resultattabellen innehalda alle postane i spørjingsfelta frå venstre tabell og berre dei postane i den høgre tabellen som er lik spørjefeltet. I LibreOffice SQL svarar denne typen til lenkjer laga med LEFT OUTER JOIN.

Høgre samanslåing

I ei høgre-samanføying vil resultattabellen innehalda alle postane i spørjingsfelta frå høgre tabell og berre dei postane i den venstre tabellen som er lik spørjefeltet. I LibreOffice SQL svarar denne typen til lenkjer laga med RIGHT OUTER JOIN.

Full samanslåing

Ved ei full samanføying vil resultattabellen innehalda alle postane frå både venstre og høgre tabell. I LibreOffice SQL svarar denne lenkjetypen til kommandoen «FULL OUTER JOIN»

Naturleg

I ei nøytral samankopling vert nøkkelordet NATURAL sett inn i SQL-uttrykket som definerer relasjonen. Relasjonen føyer saman alle kolonnane som har det same namnet i begge tabellane. Den resulterande samanføyde tabellen inneheld berre ein kolonne for kvart par av kolonnar med same namnet.

Støtt oss!