LibreOffice 25.2 Hjelp
Viss ei spørjing vert opna der det ikkje lenger finst tabellar eller felt, dukkar dialogvindauget Manglande element opp. Dette dialogvindauget viser namnet på den manglande tabell eller feltet som ikkje kan tolkast og lèt deg avgjere korleis køyringa skal halda fram.
Det er tre moglege svar på dette spørsmålet:
Lèt deg opna spørjinga i Utformingsvising, sjølv med manglande element. Dette alternativet kan også brukast viss det er nødvendig at også andre feil skal ignorerast.
Spørjinga vert opna i «Utformingsvising» (det grafiske brukargrensesnittet). Manglande tabellar vert viste som tomme og ugyldige felt vert viste med dei (ugyldige) namna sine på lista over felt. Dette lèt deg arbeida med akkurat dei felta som er årsaka til feilen.
Lèt deg opna spørjingsutforminga i SQL-modus og tolka spørjinga som lokal SQL. Du kan berre avslutta lokal SQL-modus når LibreOffice-uttrykket er ferdig tolka (berre mogleg viss dei brukte tabellane eller felta i spørjinga verkeleg finst).
Lèt deg avbryta prosessen og avgjera at spørjinga ikkje skal opnast. Dette valet svarar til funksjonen til Avbryt-knappen i dialogvindauge.
Viss du valde det første alternativet, men framleis vil opna spørjinga i den grafiske visinga, sjølv med manglande element, kan du velja om andre feil skal ignorerast eller ikkje. Det vert difor ikkje vist nokon feilmeldingar under opninga viss spørjinga ikkje kan tolkast rett.