LibreOffice 25.2 Hjelp
Ei «spørjing» er ei spesiell vising av ein tabell. Ei spørjing kan visa ein vald post eller valde felt i ein post og kan også sortera desse postane. Ei spørjing kan gjelda for fleire tabellar viss dei er lenkja saman gjennom felles datafelt.
Bruk spørjingar for å søkja etter datapostar på grunnlag av bestemte kriterium. Alle spørjingar som er oppretta for ein database vert viste under Spørjingar. Sidan dette elementet inneheld databasespørjingar, vert det også kalla ein «spørjingsbehaldar».
Slik skriv du ut ei spørjing eller ein tabell:
Opna eit tekstdokument (eller eit rekneark viss du heller vil bruka dei utskriftsfunksjonane som denne typen dokument har).
Opna databasefila og trykk på tabellikonet viss du vil skriva ut ein tabell, eller trykk på spørjingsikonet viss du vil skriva ut ei spørjing.
Dra namnet på tabellen eller spørjinga inn i det opne tekstdokumentet eller reknearket. Dialogvindauget Set inn databasekolonnar kjem då opp.
Bestem kva kolonnar (altså datafelt) du vil ta med. Du kan også trykkja på knappen Autoformat og velja ein tilsvarande formateringstype. Lukk dialogvindauget.
Spørjinga eller tabellen vert sett inn i dokumentet.
Skriv ut dokumentet ved å velja Fil → Skriv ut.
Du kan også opna kjeldevisinga for databasen (Ctrl + Shift + F4), merka heile databasetabellen frå databasekjelda (trykk på det øvre, venstre hjørnet i tabellen), og så dra utvalet over i tekstdokumentet eller reknearket.
Lèt deg sortera og filtrera dataa i ein spørjingstabell.
Med Spørjingsutforming kan du laga og redigera ei spørjing eller ei vising.
Spørjinga kan innehalda data frå fleire tabellar viss desse er lenkja saman med passande datafelt.
Du kan finna ut kva for operatorar og kommandoar som kan brukast for å formulera filtreringsvilkåra i ei spørjing.
Du kan gjera utrekningar med data frå ein tabell og lagra resultata som eit spørjingsresultat.