LibreOffice 25.2 Hjelp
Med diagram kan du presentera data på ein oversiktleg måte.
Du kan laga eit diagram frå ei datakjelde i eit Calc-rekneark eller frå ein Writer-tabell. Dersom diagrammet er innebygd i det same dokumentet som dataa i diagrammet, vert diagrammet automatisk oppdatert når dataa vert endra.
Vel frå eit utval av 3D- og 2D-diagram, som for eksempel stolpediagram, linjediagram og kursdiagram. Du kan endra diagramtype med nokre få museklikk.
Du kan tilpassa dei enkelte diagramelementa, som aksar, dataoverskrifter og forklaringar, ved å høgreklikka på dei i diagrammet, eller ved å velja ein funksjon frå ein meny eller ei verktøylinje.