LibreOffice 26.2 Hjelp
På denne sida av Diagramvegvisaren kan du endra kjeldeområdet for alle dataseriane kvar for seg, medrekna etikettane. Du kan også endra området for kategoriane og eigenskapane til kategoriane, for eksempel fargar. Du kan først velja dataområdet på sida «Dataområde» og deretter fjerna unødvendige dataseriar eller leggja til dataserier frå andre celler her.
Viss du tykkjer det er for mange val på denne sida, kan du i staden velja dataområdet på sida for dataområde og hoppa over denne sida.
Dette dialogvindauget er berre tilgjengeleg for diagram basert på tabellar i Calc og Writer.
Lista over dataseriar viser alle dataseriane i det gjeldande diagrammet.
Merk ei oppføring i lista for å ordna dataseriane.
Trykk på «Legg til» for å leggja til ein dataserie under den valde oppføringa. Den nye dataserien får same type som den valde oppføringa.
Trykk på «Fjern» for å fjerna den valde serien frå lista.
Bruk pilknappane «Opp» og «Ned» for å flytta den valde serien opp og ned i lista. Dette endrar berre rekkjefølgja i diagrammet, ikkje i kjeldetabellen.
Klikk på ei oppføring i lista for å sjå på og redigera eigenskapane for denne oppføringa.
I lista Dataområde kan du sjå namnet på rolla og celleområda til dataseriekomponentane.
Klikk på ei oppføringa og rediger så innhaldet i tekstfeltet nedføre.
Etiketten ved tekstfeltet viser den valde rolla.
Skriv inn området eller velVel dataområde for å forminska dialogvindauget og merkja området med musa.
Viss du vil ha eit dataområde som inneheld fleire celleområde som ikkje ligg inntil kvarandre, set inn det første området, skriv inn eit semikolon til slutt i tekstfeltet og skriv inn dei neste områda skilde med semikolon.
Området til ei datarolle, som Y-verdiar, må ikkje innehalda overskriftsceller.
Skriv inn eller marker eit celleområde som skal brukast som tekst for kategoriar eller dataoverskrifter.
Teksten vert vist på X-aksen eller som dataoverskrifter, avhengig av diagramtypen.
Kvar kategorioppføring kan ha ein fyllfarge og ein kantfarge.
Du kan redigera eigenskapane for fyllfarge og kantfarge for kategoriane. Fargane er definert av eit celleområde med same storleik som kategoriområdet.
Fargeverdiane vert uttrykte ved hjelp av dei raude, grøne og blå komponentane (RGB) som vert sett saman av funksjonen FARGE().
Dataområde for kantfarge og fyll kan berre spesifiserast for kolonne-, stolpe-, sektor-, boble- og kolonne- og linjediagram.
Trykk på oppføringa Fyllfarge i lista.
Skriv inn fyllfargeverdiane for kategoriane i feltet Område for fyllfarge.
Klikk på oppføringa Kantfarge i lista.
Skriv inn celleområda for kantfargeverdiane for kategoriane i boksen Område for kantfarge .
