LibreOffice 26.2 Hjelp
Opnar dialogvindauget «Dataområde» der du kan redigera dataområde og dataseriar.
På denne sida av diagramvegvisaren kan du velja eitt enkelt dataområde som kjelde. Dette området kan innehalda fleire rektangulære celleområde.
Bruk dataseriesida i diagramvegvisaren viss du treng meir kontroll med dataområda.
Dette dialogvindauget er berre tilgjengeleg for diagram som er baserte på tabellar i Calc eller Writer.
Vel dataområdet ved å gjera slik:
Skriv inn dataområdet i tekstfeltet.
I Calc kan eit eksempel på eit dataområde vera "$Ark1.$B$3:$B$14". Merk at i eit rekneark kan eit dataområde innehalde meir enn eitt område, f.eks. er "$Ark1.A1:A5;$Ark1.D1:D5" også eit gyldig dataområde.
Eit eksempel på eit eksternt dataområde kan vera 'file:///home/user/Documents/Price list.ods'#$'Information SKU'.H51 som omtalt i Referera til ei celle i eit anna ark.
I Writer kan eit eksempel på eit dataområde vera "Tabell1.A1:E4".
Trykk på Vel dataområde i Calc for å forminska dialogvindauget og dra med musa for å merkja dataområdet.
Viss du vil ha eit dataområde som er set saman av fleire celleområde som ikkje ligg inntil kvarandre, set inn det første området, skriv inn eit semikolon til slutt i tekstfeltet og merk dei neste områda. Bruk semikolon for å skilja områda.
Vel anten dataseriar i rader eller dataseriar i kolonnar.
Kontroller om dataområdet har overskrifter i første rad, i første kolonne eller begge delar.
I førehandsvisinga kan du sjå korleis det ferdige diagrammet vil sjå ut.
Skriv inn dataområdet du vil taka med i diagrammet. For å minimera dette dialogvindauget medan du vel dataområdet i Calc, klikk på knappen Vel dataområde.
Dataseriar hentar ut dataa frå radene i det merkte området i rekkjefølgje. I spreiningsdiagram inneheld den første dataserien X-verdiar for alle seriane. Alle andre dataseriar vert brukte som Y-verdiar, ein for kvar serie.
Dataseriar hentar ut dataa frå kolonnar som ligg etter kvarandre i det merkte området. I spreiningsdiagram inneheld den første datakolonnen X-verdiar for alle seriane. Alle andre datakolonnar vert brukte som Y-verdiar, ein for kvar serie.
For dataseriar i kolonnar vert den første rada i området brukt som namn på dataseriane. For dataseriar i rader vert den første rada i området brukt som kategoriar. Dei resterande radene vert brukte i dataseriane. Viss avkryssingsboksen ikkje er merkt, er alle radene dataseriar.
For dataseriar i kolonnar vert den første kolonnen i området brukt som namn på dataseriane. For dataseriar i rader vert den første kolonnen i området brukt som kategoriar. Dei resterande kolonnane vert datakolonnane. Viss avkryssingsboksen ikkje er merkt, er alle kolonnene datakolonnar.