LibreOffice 25.2 Hjelp
Du kan velja diagramtype på den første sida av diagramvegvisaren.
Vel ein grunntype for diagrammet: ved å trykkja på ei av oppføringane «stolpe», «søyle», «kakestykke» og så vidare.
Innhaldet på høgre side vert endra for å gje deg fleire val, avhengig av grunntypen.
Viss du vil, kan du velja mellom innstillingane. Førehandsvisinga i dokumentet vert oppdatert når du gjer endringar i vegvisaren slik at du kan sjå korleis diagrammet vil sjå ut.
Trykk Shift + F1 og peik på eit kontrollelement for å sjå den utvida hjelpeteksten.
Trykk på Fullfør på kva side som helst for å lukka vegvisaren og laga diagrammet med dei gjeldande innstillingane.
Trykk på Neste for å sjå den neste sida i vegvisaren, eller trykk på ei oppføring på venstre side av vegvisaren for å gå til den sida.
Trykk på Førre for å sjå den førre sida i vegvisaren.
Trykk på Avbryt for å lukka vegvisaren utan å laga diagrammet.