LibreOffice 7.5 Hjelp
På denne sida i diagramvegvisaren kan du velja kva diagramelement som skal visast.
Skriv inn titlar eller trykk på dei elementa som skal visast i det gjeldande diagrammet.
Viss du skriv inn tekst for ein tittel, ein undertittel eller ein akse, vert det reservert plass til å visa teksten ved diagrammet. Viss du ikkje skriv inn tekst, vert det meir plass til visinga av diagrammet.
Det er ikkje mogleg å lenkja tittelteksten til ei celle. Du må skriva inn teksten direkte i feltet.
Når diagrammet er ferdig, kan du endra plasseringa og andre eigenskapar i menyen Format.
Forklaringa viser overskriftene frå den første rada eller kolonnen eller frå området som du har vald i fana Dataseriar i dialogvindauget Dataområde. Viss diagrammet ikkje har overskrifter, viser forklaringa tekst som «Rad 1, Rad 2, …» eller «Kolonne A, Kolonne B, …» etter kva nummer rada har eller kva bokstav kolonnen har i diagramdataa.
Du kan ikkje skriva inn teksten, den vert henta automatisk frå celleområdet «Namn».
Vel eitt av plasseringsvala. Når diagrammet er ferdig, kan du endra plasseringa i menyen Format.
Dei synlege linjene kan vera til hjelp viss du skal estimera verdiar i diagrammet.
Avstanden mellom linjene svarar til intervallinnstillinga på fana Målestokk i akseeigenskapane.
Rutenett er ikkje tilgjengeleg i kakediagram.
Bruk menyen Set inn når diagrammet er i redigeringsmodus for å setja inn andre element. Du kan velja mellom desse elementa:
Sekundære aksar
Støtterutenett
Dataoverskrifter
Statistikk, for eksempel snittverdiar, Y-feilstolpar og trendlinjer