XY-diagram (spreiingsdiagram)

Du kan velja diagramtype på den første sida av diagramvegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Diagram → Diagramtype …

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Set inn → Diagram → Diagramtype …

Frå verktøylinjer:

Icon Insert Chart

Vel Set inn → Diagram.

Deretter vel du XY (spreiing).


XY (spreiingsdiagram)

Eit XY-diagram i si enklaste form er basert på ein dataserie som inneheld eit namn, ei liste med X-verdiar og ei liste med Y-verdiar. Kvart par med verdiar (x|y) vert vist som eit punkt i eit koordinatsystem. Namnet på dataserien er relatert til Y-verdiane og vert vist i forklaringa.

Vel eit XY-diagram for desse eksempeloppgåvene:

  1. skalera x-aksen

  2. laga ei parameterkurve, for eksempel ein spiral

  3. teikna grafen til ein funksjon

  4. utforska den statistiske assosiasjonen til kvantitative variablar

Eit XY-diagram kan ha meir enn ein dataserie.

Undertypar av XY-diagram

Du kan velja ein XY-diagramtype på den første sida av diagramvegvisaren eller ved å veljaFormat → Diagramtype for eit diagram i redigeringsmodus.

Diagrammet vert laga med standardinnstillingane. Etter at diagrammet er ferdig, kan du endra eigenskapane for å endra utsjånaden. Linjestilar og ikon kan endrast på fana Linje i dialogvindauget for objekteigenskapar til dataserien.

Dobbeltklikk på eit datapunkt for å opna dialogvindauget Dataseriar. I dette vindauget kan du endra mange av eigenskapane til dataserien.

I 2D-diagram kan du velja Set inn → Y-feilstolpar for å slå på visinga av feilstolpar.

Du kan slå på visinga av snittverdilinjer og trendlinjer med kommandoane i menyen Set inn.

Berre punkt

Kvart datapunkt vert vist med eit ikon. LibreOffice brukar standardikon med ulike former og fargar for kvar dataserie. Standardfargane er sette i → Diagram → Standardfargar.

Ikon Berre punkt

Berre punkt

Berre linjer

Denne undertypen teiknar rette linjer frå eit datapunkt til det neste. Datapunkta vert ikkje viste med ikon.

Teikninga vert utført i den same rekkjefølgja som rekkjefølgja på dataseriane. Vel Sorter etter X-verdiar for å teikna linjene i rekkjefølgja til X-verdiane. Denne sorteringa påverkar berre diagrammet, ikkje dataa i tabellen.

Ikon Berre linjer

Berre linjer

Punkt og linjer

Denne undertypen viser punkt og linjer samtidig.

Ikon Punkt og linjer

Punkt og linjer

3D-linjer

Linjene vert viste som band. Datapunkta vert ikkje viste som ikon. Vel 3D-vising i det ferdige diagrammet for å stilla inn eigenskapar som lyssetjing og perspektiv.

Ikon 3D-linjer

3D-linjer

Jamne linjer

Vel Jamne frå lista Linjetype for å teikna kurver i staden for rette linjestykke.

Vel Eigenskapar for å setja detaljerte kurveinnstillingar.

Linjetype

Vel kubisk spline eller B-spline.

Desse er matematiske modellar som påverkar visinga av kurvene. Kurvene vert laga ved å setja saman segment av mangekantar.

Kubisk spline interpolerer dataa med polynom av tredje grad. Overgangane mellom dei polynomiske delane er jamne, med same stigning og kurve.

B-spline brukar ei parametrisk, interpolerande B-spline-kurve. Desse kurvene er byggde stykkevis frå polynom.

Oppløysning

Oppløysinga bestemmer kor mange linjestykke som skal reknast ut for å verta teikna opp mellom to datapunkt. Du kan sjå dei mellomliggjande punkta viss du trykkjer på et datapunkt.

Ein høgare verdi fører til ei jamnare linje.

Graden av polynom

For B-splinelinjer kan du setja graden av polynom.

Steglinjer

Vel Stegvis frå nedtrekkslista Linjetype for å teikna linjer som går frå punkt til punkt i staden for rette linjestykke.

Vel Eigenskapar for å setja detaljerte kurveinnstillingar.

Det er fire ulike stegtypar:

Steg

Beskriving

Start Steg-ikon

Byrja med ei vassrett linje og gå loddrett opp til slutt.

Slutt Steg-ikon

Byrja med eit steg loddrett og slutt med ei vassrett linje.

Senter X-ikon

Byrja med ei vassrett linje, gå oppover i midten av X-verdiane og slutt med ei vassrett linje.

Sentrer Y-ikon

Byrja med å gå loddrett opp til midten av Y-verdiane, teikna ei vassrett linje og avslutt med å gå loddrett til slutt.


Støtt oss!