Aksjediagram

Du kan velja diagramtype i den første sida i diagramvegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Diagram ….

Icon

Vel Set inn → Diagram.


Aksje

Eit aksjediagram viser trendar i marknaden gjevne av opningspris, lågaste pris, høgaste pris og stengningspris. Omsetningsvolumet kan også visast.

For aksjediagram er rekkjefølgja i dataserien viktig. Dataa bør ordnast som vist i eksempeltabellen nedanfor.

A

B

C

D

E

F

1

Transaksjonsvolum

Opningspris

Låg (lågaste pris)

Høg (høgaste pris)

Stengingspris

2

Måndag

2500

20

15

25

17

3

Tysdag

3500

32

22

37

30

4

Onsdag

1000

15

15

17

17

5

Torsdag

2200

40

30

47

35

6

Fredag

4600

27

20

32

31


Opningsverdien, lågaste og høgaste verdi og stengingsverdien i ei rad utgjer til saman ei dataeining i diagrammet. Ein dataserie med aksjekursar inneheld fleire rader med slike dataeiningar. Kolonnen som inneheld volumet lagar ein valfri sekundær dataserie.

Du treng kanskje ikkje alle kolonnane. Dette er avhengig av den valde varianten.

Variantar av aksjediagram

Vel diagramtypen Aksje på den første sida av diagramvegvisaren og vel så ein av dei fire undertypane.

Aksjediagram 1

Aksjediagram 1 viser avstanden mellom botnprisen (låg) og topprisen (høg) basert på låg og høg med ei loddrett linje.

Ut frå kolonnane låg, høg og stenging viser aksjediagram 1 i tillegg eit vassrett merke for prisen ved stenging.

Aksjediagram 2

Ut frå kolonnane opning, lågaste, høgaste og stenging lagar aksjediagram 2 det tradisjonelle «lysestakediagrammet». Aksjediagram 2 teiknar ei loddrett linje mellom botn- og topprisen og legg til eit rektangel oppå som viser avstanden mellom opnings- og stengingsprisen. Viss du trykkjer på rektangelet, får du opp meir informasjon på statuslinja. LibreOffice brukar ulike fyllfargar for aukande verdiar (opningsprisen er lågare enn stengingsprisen) og fallande verdiar.

Aksjediagram 3

Ut frå kolonnane volum, lågaste, høgaste og stenging lagar Aksjediagram 3 eit diagram som liknar Aksjediagram 1, med kolonnar for volumet i tillegg.

Aksjediagram 4

Aksjediagram 4 kombinerer eit diagram av typen Aksjediagram 2 med eit søylediagram for volumet. Data vert henta frå alle fem datakolonnane volum, opning, lågaste, høgaste og stengning.

Fordi målet for volumet kan vera «einingar», brukar Aksjediagram 3 og Aksjediagram 4 to Y-aksar. Kursaksen vert vist på høgre side og volumaksen på venstre side.

Velja datakjelder

Diagram basert på eigne data

Vel Diagramdatatabell i menyen Vis eller i sprettoppmenyen til diagrammet i redigeringsmodus for å endra dataserien til eit diagram med eigne data.

I ein innebygd diagramdatatabell er dataseriane alltid ordna i kolonnar.

For å laga eit nytt aksjediagram brukar du først eit søylediagram. Legg til kolonnane du treng og fyll inn dataa i den rekkjefølgja som er vist i eksempelet, men ikkje ta med kolonnar som ikkje trengst i den ønskte undertypen. Bruk Flytt serien til høgre for å endra rekkjefølgja på kolonnane. Lukk diagramdatatabellen. Opna dialogvindauget Diagramtype for å byta til aksjediagram.

Viss du har eit aksjediagram frå før og du vil endra undertypen, byt først til eit søylediagram, legg til eller fjern kolonnar slik at det passar med typen og bytt diagramtypen tilbake til eit aksjediagram.

Ikkje skriv inn namn på dataseriar i ei rad. Skriv inn namnet i feltet ovanfor rollenamnet.

Rekkjefølgja på radene bestemmer korleis kategoriane vert ordna i diagrammet. Bruk Flytt rad ned for å endra på rekkjefølgja.

Diagram baserte på tabellar i Calc og Writer

Du kan velja eller endra dataområdet på den andre sida av diagramvegvisaren eller i dialogvindauget Dataområde. For finjustering bruk dialogvindauget Dataseriar.

Gjør ein av desse for å velja eit dataområde:

  1. Skriv inn dataområdet i tekstfeltet.

    Eit eksempel på eit dataområde i Calc er «$Ark1.$B$3:$B$14». Merk at dataområdet kan vera sett saman av meir enn éin del av reknearket, for eksempel er «$Ark1.A1:A5;$Ark1.D1:D5» også eit gyldig dataområde. Eit eksempel på eit dataområde i Writer er «Tabell1.A1:E4».

    Viss det er noko gale med syntaksen, viser LibreOffice teksten med raud skrift.

  1. Klikk på Vel dataområde i Calc for å forminska dialogvindauget, merk så dataområdet ved å dra. Når du slepp musa, vert dataa fylt inn. Klikk på Vel dataområde igjen for å leggja til eit dataområde. Trykk like etter innhaldet i tekstfeltet i det forminska vindauget og skriv inn eit semikolon. Dra så for å velja det neste dataområdet.

Vel anten dataseriar i rader eller dataseriar i kolonnar.

Dataa i aksjediagrammet er «i kolonnar» viss informasjonen i ei rad høyrer til den same «lysestaken».

Finjustera dataområda til tabellbaserte aksjediagram

Du kan ordna dataseriane og endra kjelda for delar av einskilde dataseriar på den tredje sida av diagramvegvisaren eller på fana Dataseriar i dialogvindauget Dataområde.

Ordna dataseriar

Du kan ordna dataseriane til det gjeldande programmet på venstresida av fana Dataseriar i dialogvindauget. Et aksjediagram har minst ein dataserie med kursar. Det kan også ha ein andre dataserie for transaksjonsvolum.

Viss du har meir enn éin dataserie med prisar, brukar du pilene for å endra rekkjefølgja på dei. Rekkjefølgja bestemmer korleis dei vert ordna i diagrammet. Gjer det same med volumdataseriane. Du kan ikkje byta seriane med prisar og volum.

Du fjernar ein dataserie ved å merkja han i lista og velja Fjern.

Viss du vil leggja til ein dataserie, merk ein av dataseriane som finst frå før og vel Legg til. Du får ei tom oppføring av same type under den merkte serien. Viss du ikkje har nokre dataseriar med prisar eller volum, må du først velja eit dataområde for desse seriane i dialogvindauget Dataområde.

Velja dataområde

I dialogvindauget Dataområde kan du velja eller endra dataområdet til kvar komponent i den valde dataserien.

I den øvste lista ser du rollenamnet til komponentane og dei gjeldande verdiane. Når du har vald ei rolle, kan du endra verdien i tekstfeltet under lista. Overskrifta viser den valde rolla.

Skriv inn området i tekstfeltet eller vel Vel dataområde for å forminska dialogvindauget og velja området med musa.

Vel opningsverdi, stengingsverdi, høgaste verdi og lågaste verdi i kva rekkjefølgje som helst. Vel berre område for dei rollene du treng for den valde aksjediagramtypen .Områda treng ikkje vera ved sida av kvarandre i tabellen.

Forklaring

Forklaringa viser overskriftene frå den første rada eller kolonnen eller frå eit bestemt område som du har vald i fana Dataseriar i dialogvindauget Dataområde. Viss diagrammet ikkje har overskrifter, viser forklaringa tekst som «Rad 1, Rad 2, …» eller «Kolonne A, Kolonne B, …» etter kva nummer rada har eller kva bokstav kolonnen har i diagramdataa.

Forklaringa viser verdien frå området du valde i feltet Område for namn i dialogvindauget Dataområde. Standardvalet er den første verdien i kolonnen for stengingspris.

Vel ei av posisjonsinnstillingane. Når diagrammet er ferdig, kan du endra posisjonen i menyen Format.

Støtt oss!