Kakediagram

Du kan velja diagramtype på den første sida av diagramvegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Diagram → Diagramtype …

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Set inn → Diagram → Diagramtype …

Frå verktøylinjer:

Icon Insert Chart

Vel Set inn → Diagram.

Vel deretter Sektordiagram.


Sektordiagram

Eit kakediagram viser verdiar som sektorar (kakestykke) i ein sirkel. Lengda på ein boge eller arealet til ein sektor er proporsjonal med verdien han har.

Sektordiagram

Denne undertypen viser sektorane som farga område i ei heil kake, men berre for éin datakolonne. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein sektor for å dela han frå kaka eller for å festa han til ho igjen.

Ikon Sektordiagram

Sektordiagram

Eksplodert sektordiagram

Denne undertypen viser sektorane som alt er delte frå kvarandre. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein sektor for å flytta han langs ei linje frå sentrum i kaka.

Ikon Eksplodert kakediagram

Eksplodert kakediagram

Smultring

Denne undertypen kan visa fleire datakolonnar. Kvar datakolonne vert vist som ei smultringform med eit hol i midten der den neste datakolonnen kan visast. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein ytre sektor for å flytta han langs ei linje frå sentrum av smultringen.

Ikon Smultring

Smultring

Eksplodert smultring

Denne undertypen viser dei ytre sektorane som alt er delte frå resten av smultringen. I diagrammet kan du trykkja på og dra i ein ytre sektor for å flytta han langs ei linje frå sentrum i smultringen.

Ikon Eksplodert smultring

Eksplodert smultring

Støtt oss!