LibreOffice 25.8 Hjelp
Du kan velja diagramtype på den første sida i diagramvegvisaren.
Eit nettdiagram (eller radardiagram) viser dataverdiar som punkt bunde saman med nokre linjer i eit rutenett som liknar eit spindelvev eller ei radarvising. Nettdiagram er ein nyttig måte å visa multivariate (med mange variablar) observasjoner med ei vilkårleg mengd variablar.
For kvar rad med diagramdata vert det plotta ein radial graf. Alle dataverdiane vert viste i same skala, difor bør dei ha omlag same storleik.
Denne undertypen viser berre punkt fordelte i radialane.
Berre punkt
Denne undertypen viser punkt fordelte i radiallinjene og linjer teikna mellom punkt i same kolonne. Linjene teiknar ein mangekant.
Punkt og linjer
Denne undertypen viser berre linjer teikna mellom verdiar i same kolonne. Linjene teiknar ein mangekant..
Berre linjer
Denne undertypen viser punkt fordelt i radiallinjene og linjer teikna mellom punkt i same kolonne. Linjene teiknar ein fylt mangekant.
Fylt
Dataseriar vert stabla og viste i kvar stråle.
Øvst: viser dataverdiane for kvar kategori oppå kvarandre.
Prosent: viser den relative prosentdelen av kvar dataverdi i høve til totalen for kategorien.