Linjediagram

Du kan velja diagramtype på den første sida av diagramvegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Diagram → Diagramtype …

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Set inn → Diagram → Diagramtype …

Frå verktøylinjer:

Icon Insert Chart

Vel Set inn → Diagram.

Vel deretter Linje.


Linje

Eit linjediagram viser verdiar som punkt på Y-aksen. X-aksen viser kategoriar. Y-verdiane i kvar dataserie vert kopla saman med ei linje.

Berre punkt

Denne undertypen plottar berre punkt.

Ikon Berre punkt

Berre punkt

Punkt og linjer

Denne undertypen plottar punkt og koplar punkta i den same dataserien saman med ei linje.

Ikon Punkt og linjer

Punkt og linjer

Berre linjer

Denne undertypen plottar berre linjer.

ikon Berre linjer

Berre linjer

3D-linjer

Denne undertypen koplar punkta i den same dataserien saman med ei 3D-linje.

Ikon 3D-linjer

3D-linjer

Vel Stabla seriar for å stabla Y-verdiane til punkta samanlagt oppå kvarandre. Y-verdiane representerer ikkje lenger absolutte verdiar, med unntak av den første kolonnen, som vert teikna nedst av dei stabla punkta. Viss du vel Prosent, vert Y-verdiane skalert som prosent av totalverdien i kategorien.

Vel Linjetype frå nedtrekksmenyen for å velja korleis punkta skal koplast saman. Du kan velja anten rette linjer, mjuke linjer for å teikna kurver mellom punkta, eller stegvis for å laga linjer som går frå punkt til punkt. Klikk på knappen Eigenskapar for å endra eigenskapane for dei mjuke eller dei stegvise linjene.

Støtt oss!