LibreOffice 25.2 Hjelp
Du kan velja diagramtype på den første sida i diagramvegvisaren.
Eit søyle-og-linjediagram er ein kombinasjon av eit søylediagram og eit linjediagram.
Vel ein av variantane
Søyler og linjer. Rektangla for dataseriane som skal visast som søyler vert teikna ved sida av kvarandre slik at du lett kan samanlikna verdiane.
Stabla søyler og linjer. Rektangla til dataseriane som skal visast som søyler vert teikna stabla oppå kvarandre, slik at høgda på ein søyle viser summen av dataverdiane.
Du kan setja inn ein sekundær Y-akse med Set inn → Aksar etter at du har avslutta vegvisaren.
Kolonnane lengst til venstre (eller dei øvste radene) inneheld dataa som vert viste som kolonneobjekt. Dei andre kolonnane eller radene i dataområdet inneheld dataa som vert viste som linjeobjekt. Du kan endra denne tildelinga i dialogvindauget Dataseriar.
Merk dataområde
Vel anten dataseriar i rader eller dataseriar i kolonnar.
Kontroller om dataområdet har overskrifter i første rad, i første kolonne eller begge delar.
Lista «Dataseriar» viser alle dataseriane i det gjeldande diagrammet.
Dataseriane som vert viste som kolonnar, står øvst i lista, medan dei som vert viste som linjer, står nedst.
Vel ei oppføring i lista for å ordna dataseriane.
Trykk på «Legg til» for å leggja til ein dataserie under den valde oppføringa. Den nye dataserien får same type som den valde oppføringa.
Trykk på «Fjern» for å fjerna den valde oppføringa frå lista.
Bruk pilknappane for å flytta den valde oppføringa opp eller ned i lista. Slik kan du gjera om ein dataserie som vert vist som ein kolonne, til ein som vert vist som ei linje, og motsett. Dette endrar berre rekkjefølgja i diagrammet, ikkje i datakjeldetabellen.
Klikk på ei oppføring i lista for å visa og redigera eigenskapane for denne oppføringa.
I lista Dataområde ser du rollenamna og celleområda til dataseriane.
Klikk på ei oppføring og rediger så innhaldet i tekstfeltet nedanfor.
Etiketten ved tekstfeltet viser den valde rolla.
Skriv inn området eller bruk Vel dataområde for å forminska dialogvindauget og velja området med musa.
Området til ein datafunksjon, som y-verdiar, må ikkje innehalda overskriftsceller.
Skriv inn eller vel eit celleområde som skal brukast som tekst for kategoriar eller dataoverskrifter.
Verdiane i området Kategoriar vert viste som overskrifter på X-aksen.
Bruk sida Diagramelement i diagramvegvisaren for å setja inn desse elementa:
Diagramtitlar
Forklaring
Synlege rutenettlinjer
Bruk menyen Set inn når diagrammet er i redigeringsmodus for å setja inn andre element. Du kan velja mellom desse elementa:
Sekundære aksar
Støtterutenett
Dataoverskrifter
Statistikk, for eksempel snittverdiar, Y-feilstolpar og trendlinjer
Bruk eigenskapsvindauget til dataserien for å velja forskjellige dataoverskrifter for kvar dataserie.