Områdediagram

Du kan velja diagramtype på den første sida av diagramvegvisaren.

For å bruka denne funksjonen …

Frå menylinja:

Vel Set inn → Diagram → Diagramtype …

Frå brukargrensesnittet med faner:

Vel Set inn → Diagram → Diagramtype …

Frå verktøylinjer:

Icon Insert Chart

Vel Set inn → Diagram.

Vel deretter Område.


Område

Eit områdediagram viser verdiar som punkt på Y-aksen. X-aksen viser kategoriane. Y-verdiane til kvar dataserie er kopla saman med ei linje. Området mellom to linjer er fylt med ein farge. Føremålet med områdediagramma er å framheva endringar frå ein kategori til den neste.

Normal

Normal – denne undertypen plottar alle verdiar som absolutte Y-verdiar. Først vert området av den siste kolonnen i dataområdet plotta, så den nest siste og så vidare. Til slutt vert den første kolonnen med data teikna opp. Om verdiane i den første kolonnen er høgare enn andre verdiar, vil denne gøyma andre område.

Ikon Normal

Normal

Stabla

Stabla – denne undertypen plottar verdiar stabla samanlagt oppå kvarandre. Han syter for at alle verdiar er synlege og at ingen datasett vert gøymd av andre. Derimot representerer ikkje Y-verdiane lenger absolutte verdiar, med unntak av den siste kolonnen som vert teikna opp nedst i stabelen.

Ikon Stabla

Stabla

Prosent

Denne undertypen plottar verdiar skalerte som ein prosentdel av totalverdien for kategorien, stabla oppå kvarandre samanlagt.

Ikon Prosent

Prosent

Støtt oss!