3D-vising

Du kan velja diagramtype på den første sida i diagramvegvisaren eller i oppsprettmenyen for eit diagram.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Diagram ….

Icon

Vel Set inn → Diagram.


Du kan trykkja Shift + F1 og peika på ein kontroll for å finna ut meir om denne kontrollen.

Dei nye innstillingane du skriv inn i dialogvindauget vert viste i førehandsvisinga.

For 3D-diagram kan du velja Format → 3D-vising for å stilla inn perspektivet, utsjånaden og lyssetjinga.

Perspektiv

Set alle vinklane til 0 for å sjå diagrammet rett framanfrå. Kake- og smultringdiagram vert viste som sirklar.

Viss Rettvinkla aksar er slått på, kan du rotera diagrammet berre rundt X- og Y-aksane, altså parallelt med diagramkantane.

Ein X-verdi på 90, med Y og Z sette til 0, gjev ei vising av diagrammet rett ovanfrå. Med X sett til -90 får du sjå diagrammet nedanfrå.

Diagrammet vert først rotert rundt X-, så Y- og til slutt Z-aksen.

Viss skuggelegging er slått på og du roterer diagrammet, følgjer lysa med diagrammet som om dei var festa til det.

Merknadsikon

Rotasjonsaksane er alltid relaterte til sida, ikkje til diagramaksane. Dette er ulikt ein del andre diagram-program.


Slå på Perspektiv for å visa diagrammet i perspektiv som sett gjennom ei kameralinse, i staden for med parallell projeksjon.

Still inn brennvidda med talboksen. 100 % gjev eit perspektiv der kanten lengst vekk i diagrammet er omtrent halvparten så stor som den næraste kanten.

Merknadsikon

Eldre utgåver av LibreOffice kan ikkje visa perspektivet slik som den nåverande versjonen.


Utsjånad

Når du vel frå lista, vert avkryssingsboksane og lyskjeldene endra i høve til valet.

Lyssetjing

Set lyskjelda for 3D-vising.

Støtt oss!