Eigenskapar for stegvise linjer

I eit diagram som viser linjer (linje- eller XY-type), kan du velja å binda saman punkta med stegvise linjer i staden for rette linjer. Ein del av vala styrer eigenskapane til desse stega.

For å bruka denne funksjonen …

I dialogvindauget for diagramtype for eit linjediagram eller XY-diagram (spreiingsdiagram) som viser linjer, kan du velja «Stegvis» i nedtrekkslista «Linjetype» og deretter klikka på knappen «Eigenskapar».


Ulike stegtypar

Steg

Beskriving

Start Steg-ikon

Byrja med ei vassrett linje og gå loddrett opp til slutt.

Slutt Steg-ikon

Byrja med eit steg loddrett og slutt med ei vassrett linje.

Senter X-ikon

Byrja med ei vassrett linje, gå oppover i midten av X-verdiane og slutt med ei vassrett linje.

Sentrer Y-ikon

Byrja med å gå loddrett opp til midten av Y-verdiane, teikna ei vassrett linje og avslutt med å gå loddrett til slutt.


Støtt oss!