Eigenskapar for jamne linjer

Du kan velja å visa kurver i staden for rette linjer i diagram som viser linjer (linjetypar og XY-typar). Nokre val styrer eigenskapane til slike kurver.

For å bruka denne funksjonen …

I dialogvindauget for diagramtype for eit linjediagram eller XY-diagram (spreiingsdiagram) som viser linjer, kan du velja «Stegvis» i nedtrekkslista «Linjetype» og deretter klikka på knappen «Eigenskapar».


Linjeeigenskapar

Linjetype

Vel kubisk spline eller B-spline.

Desse er matematiske modellar som påverkar visinga av kurvene. Kurvene vert laga ved å setja saman segment av mangekantar.

Kubisk spline interpolerer dataa med polynom av tredje grad. Overgangane mellom dei polynomiske delane er jamne, med same stigning og kurve.

B-spline brukar ei parametrisk, interpolerande B-spline-kurve. Desse kurvene er byggde stykkevis frå polynom.

Oppløysning

Oppløysinga bestemmer kor mange linjestykke som skal reknast ut for å verta teikna opp mellom to datapunkt. Du kan sjå dei mellomliggjande punkta viss du trykkjer på et datapunkt.

Ein høgare verdi fører til ei jamnare linje.

Graden av polynom

For B-splinelinjer kan du setja graden av polynom.

Støtt oss!