Oppstilling

Gjer at du kan endra rekkjefølgja på dataseriane som alt er sett inn i diagrammet.

Posisjonen til dataa i datatabellen vert uforandra. Du kan berre velja kommandoane etter at eit diagram er sett inn i LibreOffice Calc.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Oppstilling (i diagram)

Opna sprettoppmenyen og vel Oppstilling (i diagram)


Åtvaringsikon

Denne funksjonen er berre tilgjengeleg viss dataa vert viste i kolonnar. Det er ikkje mogleg å skifta til datavising i rader.


Flytt framover

Flytter den merkte dataserien framover (til høgre).

Flytt bakover

Flytter den valde dataserien bakover (til venstre).

Støtt oss!