Plassering

Styrer plasseringa av aksane.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Akse → X-akse → Plassering (i diagram)


Akselinje

Vel kor akselinja skal kryssa andre aksar: ved byrjinga, ved slutten, ved ein bestemt verdi eller ved ein kategori.

Posisjonsakse

På merke

Gjer at aksen vert plassert på det første eller siste merket. Dette gjer at datapunkta visuelt byrjar eller sluttar på verdiaksane.

Mellom merker

Gjer at aksen vert plassert mellom merka. Dette gjer at datapunkta visuelt byrjar eller sluttar eit stykke frå verdiaksane.

Etikettar

Plasser overskrifter

Vel plasseringa av overskrifter: nær aksen, nær aksen (andre sida), start utanfor eller slutt utanfor.

Intervallmerke

Største:

Bestemmer om aksemerka skal vera på innsida eller utsida av aksen. Det er mogleg å velja begge, og du vil då sjå merke på begge sidene.

Indre

Gjer at merka vert viste på innsida av aksen.

Ytre

Bestemmer at merka skal visast på utsida av aksen.

Minste:

Dette området vert brukt til å definera merkestrekane mellom aksemerka. Det er mogleg å aktivera begge felta. Dette vil gje ei merkelinje som går frå utsida til innsida.

Indre

Bestemmer at merka for mindre intervall skal visast på innsida av aksen.

Ytre

Bestemmer at merka for mindre intervall skal visast på utsida av aksen.

Plasser merke

Vel kor merka skal plasserast: ved overskriftene, ved aksen eller ved overskriftene og aksen.

Støtt oss!