LibreOffice 24.8 Hjelp
Skalerer det valde biletet.
Aksane vert skalerte automatisk av LibreOffice slik at alle verdiane vert viste best mogleg.
For å oppnå bestemte resultat kan du endra målestokken for aksane sjølv. For eksempel kan du visa berre dei øvste områda av kolonnane ved å flytta nullinja oppover.
Du kan skriva inn verdiar for å dele aksane inn i undernivå. Du kan automatisk setja dei fem eigenskapane Minimum, Maksimum, Hovudintervall, Hjelpeintervall ogReferanseverdi.
Definerer minsteverdien for byrjinga av aksen
Definerer den største verdien for slutten av aksen.
Bestemmer intervallet for hovudinndelinga av aksane. Hovudintervallet kan ikkje vera større enn verdiområdet.
Skriv inn intervallet for underinndeling av aksane.
Vel kvar verdiane skal visast på Y-aksen.
Du må velja bort alternativet Automatisk før du kan endra verdiane.
Slå av denne funksjonen viss du arbeider med «faste» verdiar. Desse tillet ikkje automatisk skalering.
Vel om du vil dela opp Y-aksen logaritmisk.
Bruk denne funksjonen viss du arbeider med verdiar som skil seg kraftig frå kvarandre. Du kan bruka logaritmisk skalering viss du vil ha lik avstand mellom linjene i rutenettene til aksane, sjølv om verdiane kan auka eller minka.
Bestemmer kvar dei låge og høge verdiane skal visast på aksen. Når denne ikkje er merkt, vert den matematiske retninga brukt Det vil seia at for kartesiske koordinatsystem viser X-aksen låge verdiar til venstre og Y-aksen låge verdiar nedst. For polare koordinatsystem er den matematiske vinkelretninga mot klokka og radialaksen innanfrå og ut.
For nokre aksetypar kan du velja å formatera ein akse som tekst eller dato, eller at typen skal finnast automatisk. For aksetypen «Dato» kan du setja følgjande eigenskapar.
Minste og største verdi som skal visast i endane av skalaane.
Endrar visinga til å visa fleire eller færre detaljar.
Opprettar eit skjema som kan brukast til å visa eksisterande data og til å setja inn nye.
Skriv inn serienummeret eller kopier og lim inn nummeret frå internettsida.