LibreOffice 24.8 Hjelp
Endrar justeringa av aksar eller titlar.
Nokre av alternativa er ikkje tilgjengelege for alle etikettane. For eksempel er det forskjell på alternativa for 2D- og 3D-objektetikettar.
Oppgje om du vil visa eller gøyma titlane på aksane.
Aksetitlar på/av-knappen på Format-linja let deg visa og gøyma aksetitlane for alle aksane.
Viser tekstretningane for celleinnhald. Trykk på ein av «ABCD»-knappane for å velja ei retning.
Eit klikk kvar som helst på hjulet endrar tekstretninga. Bokstavane «ABCD» viser den nye innstillinga.
Brukar loddrett tekstretning på innhaldet i cellene.
Viss du vel ein loddrett x-aksetittel, kan det henda at teksten vert kutta av linja til x-aksen.
Gjev deg høve til å setja vinkelen på tekstretninga manuelt.
Bestemmer tekstflyten for dataoverskrifta.
Gjer at teksten i cellene kan overlappa andre celler. Dette kan vera nyttig om du har liten plass. Dette alternativet kan ikkje brukast saman med andre tekstretningar for titlane.
Tillet tekstbryting.
Innstillingane på denne fana er berre tilgjengelege for 2D-diagram (Format → Akse → Y-akse eller X-akse). I dette området kan du velja plasseringa av tala på X- eller Y-aksen.
Ordnar tala på aksen ved sida av kvarandre.
Viser tala på aksen i sikk-sakk; partal lågare enn oddetal.
Viser tala på aksen i sikk-sakk; oddetal lågare enn partal.
Set opp tala på aksen automatisk.
Det kan vera vanskeleg å visa dataoverskriftene viss diagrammet er svært lite. Du kan unngå dette problemet ved å forstørra visinga eller ved å minska skriftstorleiken.
Vel tekstretninga for eit avsnitt som brukar kompleks tekstutforming (CTL). Dette valet er berre tilgjengeleg om Bruk for kompleks tekst (CTL) er slått på.