LibreOffice 25.2 Hjelp
Du kan dela aksane i mindre avsnitt ved å leggja rutenett til dei. Dette gjev ei betre oversikt over diagrammet, spesielt viss du arbeidar med store diagram. Hovudrutenettet for y-aksen er slått på som standard.
Definerer aksen som skal brukast som hovudrutenett.
Legg til linjer i rutenettet til X-aksen i diagrammet.
Knappen Loddrett rutenett på/av på Formatlinja slår av og på rutenettet for X-aksen. Knappe byter mellom tre val: ikkje rutenett, vis hovudrutenettet og vis både hovudrutenettet og støtterutenettet. Vala vil påverka avkryssingsboksane i Set inn → Rutenett.
Legg til linjer i rutenettet på Y-aksen i diagrammet.
Knappen Vassrett rutenett på/av på Formatlinja slår av og på rutenettet for Y-aksen. Knappe byter mellom tre val: ikkje rutenett, vis hovudrutenettet og vis både hovudrutenettet og støtterutenettet. Vala vil påverka avkryssingsboksane i Set inn → Rutenett.
Legg til linjer i rutenettet på Z-aksen i diagrammet. Dette alternativet er berre tilgjengeleg om du arbeider med 3D-diagram.
Her kan du ta i bruk eit støtterutenett for kvar akse. Bruk av støtterutenett minskar avstanden mellom hovudrutenetta.
Legg til linjer i rutenettet som deler X-aksen inn i mindre område.
Legg til linjer i rutenettet som deler Y-aksen i mindre område.
Legg til linjer i rutenettet som deler Z-aksen inn i mindre område. Dette alternativet er berre tilgjengeleg om du arbeider med 3D-diagram.