Innstillingar

Bruk dette dialogvindauget for å setja nokre innstillingar som er tilgjengelege for bestemte diagramtypar. Innhaldet i dialogvindauget for innstillingar varierer i høve til diagramtypen.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Format → Formater utvalet → Dataseriar (i diagram)


Juster dataseriar til:

I dette området kan du velja mellom to skaleringstilstandar for Y-aksen. Aksane kan berre skalerast og tildelast eigenskapar kvar for seg.

Primær Y-akse

Dette valet er på som standard. Alle dataseriar er justerte til den primære Y-aksen.

Sekundær Y-akse

Endrar målestokken til Y-aksen. Denne aksen er berre synleg når minst éin dataserie er knyt til han og aksevisinga er på.

Innstillingar

I dette området kan du gje innstillingar for eit linjediagram. Alle endringar vil gjelda alle dataseriar i diagrammet sjølv om berre nokre er merkte.

Avstand

Bestemmer avstanden i prosent mellom kolonnane. Største moglege avstand er «600 %».

Overlapping

Gjev dei nødvendige innstillingane for dataseriar som overlappar. Du kan velja mellom -100 % og +100 %

Sambandslinjer

For stolpediagramma «stabla» og «prosent» (loddrette stolpar), kan du kryssa av her for å binda saman kolonnelaga som høyrer saman med linjer.

Vis stolpane ved sida av kvarandre

Viss det vert vist to aksar i stolpediagrammet og nokre dataseriar er knyt til den første aksen mens nokre andre dataseriar er knyt til den andre aksen, vert begge setta med dataseriar viste kvar for seg og overlappa.

Eit resultat av dette er at stolpar knyt til den første Y-aksen, vert delvis eller fullstendig gøymd av stolpar knyt til den andre Y-aksen. Slå på valet om å visa stolpar ved sida av kvarandre for å unngå dette. Stolpane til ulike dataseriar vert viste som om dei er knyt berre til éin akse.

Med klokka

Dette valet er tilgjengeleg for kake- og smultringdiagram. Standardretninga på kakestykka i kakediagram er mot klokka. Vel Med klokka for å teikna opp kakestykka i motsett retning.

Startvinkel

Dra den vesle prikken langs sirkelen eller trykk ein stad på sirkelen for å setja startvinkelen til eit kake- eller smultringdiagram. Startvinkelen er den matematiske vinkelposisjonen der det første stykket vert teikna opp. Med verdien 90 gradar byrjar oppteikninga av det første stykket i retning rett oppover. Med verdien 0 gradar byrjar den i retning rett mot høgre.

Merknadsikon

Tredimensjonale kake- og smultringdiagram som vart laga i eldre utgåver av programvaren, har startvinkelen 0 gradar i staden for 90 gradar. Både gamle og nye 2D-diagram har ein startvinkel på 90 gradar.


Merknadsikon

Når du endrar startvinkelen eller retninga, viser ikkje eldre utgåver av programvaren dei endra verdiane. Eldre utgåver viser det same dokumentet med standardverdiane: Alltid teikna mot klokka og med ein startvinkel på 90 gradar for 2D-diagram og 0 gradar for 3D-diagram.


Gradar

Skriv inn ein startvinkel mellom 0 og 359 gradar. Du kan også trykkja på pilene for å endra verdien.

Plott manglande verdiar

Av og til manglar verdiar i ein dataserie som vert viste i eit diagram. Du kan velja mellom ulike innstillingar for å setja inn dei verdiane som manglar. Vala er tilgjengelege for berre for enkelte diagramtypar.

Bruk mellomrom

Viss det manglar ein verdi vert ingen verdi vist. Dette er standardvalet for diagramtypane «kolonne», «linje» og «nett»

Rekn med at verdien er null

Viss det manglar ein verdi vert y-verdien vist som 0. Dette er standardvalet for diagramtypen «Område»

Forleng linje

For manglande verdiar vert interpolasjonen frå dei nærliggjande verdiane vist. Dette er standarden for diagramtypen XY.

Ta med verdiar frå gøymde celler

Kryss av for å visa verdiane for gjeldande gøymde celler inne i kjeldecelleområdet.

Gøym forklaringsteksten

Ikkje vis forklaringsteksten for den valde dataserien eller datapunktet.

Støtt oss!