LibreOffice 24.2 Hjelp
Bruk dialogvindauget X- eller Y-feilstolpar for å visa feilstolpane for 2D-diagram.
Ein feilstolpe er ei indikatorlinje som går over eit område frå x/y - (negativ) til x/y + (positiv) feilverdi. I dette tilfellet er x eller y verdien av datapunkta. Når «standardavviket» er merkt, er x eller y middelverdien for dataserien. NegativFeilverdi og positivFeilverdi er verdiane rekna ut av feilstolpefunksjonen eller er gjeve spesielt.
Menykommandoen Set inn → X-/Y-feilstolpar er berre tilgjengeleg for 2D-diagram.
I feltet Feilkategori kan du velja korleis feilkategorien skal visast.
Ikkje vis feillinjene.
Viser konstantverdiar som er sette i parameterområdet.
Viser ein prosentdel. Visinga refererer til det tilhøyrande datapunktet. Set prosentverdien i området for parameter.
Vel ein funksjon for å rekna ut feilstolpane.
Standardfeil: Viser standardfeilen.
Varians: Viser variansen rekna ut frå talet på datapunkt og dei respektive verdiane deira.
Standardavvik: Viser standardavviket (kvadratrota av variansen). Ulikt andre funksjonar, vert feilstolpane sentrerte på middelverdien.
Feilmargin: Viser den høgaste feilmarginen i prosent i forhold til den høgaste verdien i datagruppa. Set prosenten i området for parameter.
Vel Celleområde og vel celleområdet som dei positive og negative feilstolpane skal hentast frå.
For eit diagram som har sine eigne data kan feilstolpeverdiane skrivast inn i datatabellen for diagrammet. Datatabellen vil visa tilleggskolonnar med namngjeve som positive X- eller Y-feilstolpar og negative X- eller Y-feilstolpar.
Merk av denne for å bruka dei positive feilverdiane også som negative feilverdiane. Du kan berre endra verdien i feltet «Positiv (+)». Denne verdien vert automatisk kopiert inn i feltet «Negativ (-)»
Gjev feilindikatoren.
Vis positive og negative feilstolpar.
Vis berre positive feilstolpar.
Vis berre negative feilstolpar.