Aksar

Bestemmer kva aksar som skal visast i diagrammet.

For å bruka denne funksjonen …

Vel Set inn → Aksar (i diagram)


Hovudakse

X-akse

Vis X-aksen som ei linje med underinndelingar.

Y-akse

Viser Y-aksen som ei linje med underinndelingar.

Z-akse

Viser Z-aksen som ei linje med under-inndelingar. Denne aksen kan berre visast i 3D-diagram.

Sekundær akse

I dette området kan du bruka ein sekundær akse i diagrammet. Viss ein dataserie alt er i bruk på denne aksen, vil LibreOffice automatisk visa aksen og dataoverskrifta. Desse innstillingane kan slåast av seinare. Viss du tek i bruk ein sekundær akse utan tildelte data, vil aksen visa verdiane til den primære aksen.

X-akse

Viser ein ekstra X-akse i diagrammet.

Y-akse

Viser ein ekstra Y-akse i diagrammet.

Tipsikon

Hovudaksen og den ekstra aksen kan ha ulik skalering. For eksempel kan den eine aksen skalerast til «2 cm» og den andre til «1,5 cm».


Støtt oss!