LibreOffice 7.5 Hjelp
Opnar dialogvindauget Dataoverskrifter som let deg stilla inn dataoverskrifter.
Viss eit element i ein dataserie er merkt, vil denne kommandoen berre verka på denne. Viss ingen element er merkte, vil denne kommandoen verka på alle dataseriane.
Vis absoluttverdiane for datapunkta.
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja talformat.
Viser prosentdelen av datapunkta i kvar kolonne.
Opnar eit dialogvindauge der du kan velja prosentformatet.
Viser tekstetikettane til datapunkta.
Viser forklaringsikona ved sida av etiketten til kvart datapunkt.
Vel skiljeteiknet for å skilja fleire tekststrengar i det same objektet.
Vel plasseringa til dataoverskrifter i høve til objekta.
Vel tekstretninga for eit avsnitt som brukar kompleks tekstutforming (CTL). Dette valet er berre tilgjengeleg om Bruk for kompleks tekst (CTL) er slått på.
Klikk på den runde skiva for å bestemma retninga på teksten i dataetiketten.
Skriv inn vinkelen for å rotera dataetiketten mot klokka.