LibreOffice 24.8 Hjelp
Opnar eit dialogvindauge der du kan skriva inn eller endra titlar i ein tabell. Du kan skriva teksten for hovudtittelen, undertittelen og akseoverskriftene og velja om dei skal visast.
Skriv inn den ønskte tittelen for diagrammet. Denne vert vist øvst i diagrammet.
Skriv inn den ønskte undertittelen for diagrammet. Denne vert vist nedanfor tittelen skriven inn i feltet Tittel.
Skriv inn den ønskte tittelen for x-aksen i diagrammet.
Skriv inn den ønskte tittelen for y-aksen i diagrammet.
Skriv inn den ønskte tittelen for z-aksen i diagrammet. Dette valet er tilgjengeleg berre for 3D-diagram.
Skriv inn den ønskte sekundærtittelen for x-aksen i diagramet. Denne vert vist på motsett side av diagrammet som x-aksetittelen.
Skriv inn den ønskte sekundærtittelen for y-aksen i diagramet. Denne vert vist på motsett side av diagrammet som y-aksetittelen.