Datatabell

Opnar dialogvindauget Datatabell der du kan redigera diagramdataa.

Dialogvindauget Datatabell er ikkje tilgjengeleg viss du set inn eit diagram basert på eit Calc-rekneark eller ein Writer-tabell.

Merknadsikon

Nokre endringar vert ikkje synlege før du lukkar og opnar dialogvindauget på nytt.


For å bruka denne funksjonen …

Vel Rediger → Diagramdatatabell (i diagram)

På formateringslinja trykkjer du på

Ikon

Diagramdata


Du kan trykkja Shift + F1 og peika på ein kontroll for å finna ut meir om denne kontrollen.

Slik endrar du diagramdata

Når du lagar eit diagram som er basert på standarddata eller kopierer eit diagram inn i eit dokument, kan du opna dialogvindauget Datatabell for å fylla inn eigne data. Diagrammet oppdaterer ei førehandsvising av dataa direkte.

Lukk dialogvindauget for diagramdata for å ta i bruk alle endringane i diagrammet. Vel Rediger → Angra for å sletta endringane.

  1. Set inn eller vel eit diagram som ikkje er basert på celledata som finst frå før.

  2. Vel Vis → Diagramdatatabell for å opna dialogvindauget Datatabell.

    Dataseriane er organiserte i kolonnar. Rolla for kolonnen lengst til venstre vert sett som kategoriar eller dataetikettar. Innhaldet av kolonnen lengst til venstre er alltid formatert som tekst.

  3. Merk ei celle i dialogvindauget for å endra innhaldet. Merk ei anna celle for å sjå det endra innhaldet i førehandsvisinga.

  4. Skriv inn namnet på dataserien i tekstfeltet over kolonnen.

  5. Bruk knappane over tabellen for å setja inn eller sletta rader og kolonnar. Berre heile dataseriar kan setjast inn eller slettast for dataseriar med fleire kolonnar.

  6. Rekkjefølgja på dataseriane i diagrammet er den same som i datatabellen. Bruk knappen Flytt serien til høgre for å byta ut den gjeldande kolonnen med kolonnen til høgre.

  7. Rekkjefølgja på kategoriane eller datapunkta i diagrammet er den same som i datatabellen. Bruk knappen Flytt rada ned for å byta ut den gjeldande rada med rada nedanfor.

Støtt oss!