LibreOffice Calc-funksjonar

LibreOffice Calc er eit rekneark som du kan bruka til å rekna ut, analysera og handtera data. Du kan òg opna og arbeida med rekneark frå Microsoft Excel.

Utrekningar

LibreOffice Calc gjev deg mange funksjonar for mellom anna statistikk og finans, som du kan bruka til å laga formlar som gjer komplekse utrekningar med dataa.

Du kan òg få hjelp frå funksjonsvegvisaren til å laga formlar.

«Kva om»-utrekningar

Ein nyttig funksjon er å kunna visa resultata dersom du endra ein enkelt faktor i utrekningar som er sette saman av fleire faktorar. Du kan for eksempel sjå korleis endringar i nedbetalingstida for eit lån påverkar renta eller avdraga. Du kan òg handtera store tabellar med førehandslaga scenario.

Databasefunksjonar

Bruk rekneark til å stilla opp, lagra og filtrera dataa.

I LibreOffice Calc kan du dra og sleppa tabellar frå databasar. Du kan òg bruka rekneark som datakjelde for brevfletting i LibreOffice Writer.

Oppstilling av data

Med eit par museklikk kan du visa eller gøyma visse område i reknearket, formatera områda etter visse vilkår eller snøgt rekna ut delsummar og summar.

Dynamiske diagram

Med LibreOffice Calc kan du presentera informasjon frå reknearka i dynamiske diagram som endrar seg når dataa vert endra.

Opna og lagra Excel-filer

LibreOffice har filter som både kan opna og lagra Excel-filer og ei rekkje andre filtypar.

Støtt oss!